<$BlogRSDURL$>

21.2.04

Elkoraj gratuloj! 

Ni elkore gratulas al niaj estraranoj Signe Christophersen kaj Kai Salve Salvesen, kiuj geedziĝis en novembro!

(0) komentoj

20.2.04

Esperanto i praterom og ICQ  

Har du lært deg esperanto, men har ikkje nokon å snakke med i nærleiken? Eit alternativ er å bruke chatterom, t.d. på www.gxangalo.com/babilejo, men det er ofte vanskeleg å få til interessante samtalar her. Problemet med desse pratestadene er at at folk samlast fordi dei vil snakke på esperanto, men ikkje veit heilt kva dei vil snakke om. Derfor blir det mykje spørsmål om veret, kvar folk bur, kva dei driv med og korleis det står til med datamaskina eller esperantogruppa deira. Lettare blir det om du vil taste med folk du alt kjenner, då har du gjerne nok å skrive om.

Ein annan plass å besøke er www.lernu.net. I tillegg til flotte kurs og moglegheit til å sende meldingar til dei nærare 2000 andre registrerte brukarane, kan du bruke pratehjørnet til å skrive med andre brukarar i notid.

Endå eit alternativ er å nytte programmet ICQ. Eg har berre brukt nettversjonen som du finn på http://go.icq.com. Her kan du søkje på namn, interesser, land, kjønn og ein heil del andre kriteria. Du skriv direkte til dei brukarane som du ønskjer å få kontakt med. Utruleg mange har ført opp esperanto mellom språka sine, men eg oppdaga fort at dei aller fleste berre har gjort dette på spøk. Ver på vakt når du finn amerikanarar som hevdar dei berre snakkar aserbajdsjansk, punjabi og esperanto... Likevel har eg funne eit par hyggjelege menneske som eg har hatt givande "samtaler" med. Men pass på: Det er utruleg lett å bli sittande og chatte i staden for å gjere noko nyttig framfor datamaskina...

(0) komentoj

This page is powered by Blogger. Isn't yours?