<$BlogRSDURL$>

12.6.04

Esperanto-ordbok på veg, men du må vente litt... 

Norske esperantobrukarar må klare seg med ei norsk-esperanto-ordbok frå 1963. Men no er ei ny ordbok på gang. Esperanto-nytt har meir om prosjektet, som skal munne ut i ei elektronisk ordbok om ein tre års tid.

Vil du ha ei skikkeleg ordbok på nettet, kan du bruke Reta Vortaro.

(0) komentoj

Esperantokurs på folkehøgskule 

Leif Arne Storset, styremedlem i NJE, har halde esperantokurs på Rønningen folkehøgskule i Oslo. Meir om opplevingane til dei tre nøgde deltakarane, kan du lese i Esperanto-Nytt.

(0) komentoj

1.6.04

Esperantoband på finske festivalar 

For første gong speler eit esperanto-rockeband på ein stor musikkfestival i
Finnland. Staden er Karjaa rett utanfor Helsingfors og høvet festivalen
Faces, 31. juli.

Finske Dolchamar debuterte i år 2000 og er nå snart klar med plate nummer
to. Faces er den største finske "etniske" musikkfestivalen, med meir enn
8500 gjestar i fjor. Meir om festivalen kan du finne på www.faces.fi.
Dolchamar si heimeside finn du på www.nettie.fi/dolchamar. Bandet speler og
på festivalen Melu ("Bråk") ei veke tidlegare.

(0) komentoj

TV på esperanto? 

Det virker kanskje urealistisk. Men gruppen bak Internacia TeleVido i Brasil
har konkrete og gjennomarbeidede planer for internettbaserte TV-overføringer
på esperanto. Utfordringen i første omgang er å finansiere innkjøp av
nødvendig utstyr. Les mer på www.gxangalo.com/itv!

(0) komentoj

Lernu.net, snart i full norsk versjon 

Lernu.net er eit av dei mest populære tilboda til deg som vil lære
esperanto. Her finst ei rekkje hjelpemiddel som gjer læringa meir lystbetont
og effektiv.

Sida er i stadig utvikling, og Bård Hekland er no i gang med å oppdatere
lernu.net for norske brukarar. Pr. 1. juni gjenstår enno meir enn 800
tekstar som skal setjast om, men me reknar med at den norske versjonen vil
vere fullstendig innan utgangen av juni. Finn ut meir på www.lernu.net!

(0) komentoj

This page is powered by Blogger. Isn't yours?