<$BlogRSDURL$>

7.12.04

Fleirspråkleg kulturopplæring 

Internasjonal kulturopplæring på tvers av språk- og landegrenser, dette er målet for prosjektet Interkulturo, som hadde planleggingsmøte i Oslo i oktober. Arrangøren var Norsk esperanto-ungdom. Prosjektet skal hjelpa ungdommar frå heile verda som lærer eller kan esperanto, engelsk, fransk, tysk eller russisk til å læra om kulturelle tema, samstundes som dei øver seg på det aktuelle språket. Hovudtilbodet er nettstaden www.interkulturo.net som lèt folk gjera alt dette virtuelt, men det vert og internasjonale treff neste år. Interkulturo er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk esperanto-ungdom og ei rekkje søsterorganisasjonar frå fleire andre europeiske land.

Initiativet kom frå den internasjonale esperantolærarorganisasjonen ILEI. Prosjektet er m.a. finansiert av EU og av Barne- og familiedepartementet, og har budsjettramme i overkant av 320 000 kr. Rundt 162 000 av desse kjem frå Noreg.

hwt
[frå Esperanto-nytt 3/2004]

Comments: Legg inn en kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?